Print this page
NM 2010
 
 
 
 

Manger Skulemusikklag gjekk heilt til topps i Norgesmeisterskapet for skulekorps 2010 :)

Med 97 poeng for framføringa vår av "Dampsanger" vann me på ny NM i Stavanger, berre 0,5 poeng før Tertnes Skoles Musikkorps.

Denne prestasjonen er ikkje noko anna enn imponerande når ein tenkjer på alt som korpset har vore med på dei siste vekene. Me er utruleg glade for at me sa "ja takk, begge delar" då styret lufta tanken om at det kanskje var lurt å ikkje delta på NM i år, pga Kinaturen som kom så tett oppunder. Me ville både til Kina og NM, og me ville gjere ein så god jobb som muleg begge plassar. Med stor iver og vilje har me klart det nesten ingen av oss hadde våga å håpa på: VINNA NM!

Me tek no ein etterlengta og velfortjent sommarferie, og skal endeleg få tid til å fordøya alt me har opplevd denne sesongen. Me vil sjølvsagt senda ein stor klem og takk til vår dirigent Rune som no takkar for seg etter fem år i korpset. Me vil ta med oss vidare alt me har lært av deg.

8 nye musikantar fekk oppleva å bli Norgesmeistrar for første gong: Markus, Frida, Solveig, Eilin, Christopher, Regine, Sindre Emil og Ida. Gratulerer:)

7 musikantar har fått med seg alle dei 6 NM-titlane sidan 2004: Håkon, Anders, Edward og Sondre, Inger Lise, Anette og Mina.

Me vil og gratulere alle dei andre korpsa som deltok i NM. Spesielt til "nabokorpset" vårt Sæbø som i år spelte i 1.div.

Dommerkommentarer og bilder frå turen ligg under "Om korpset" og "NM-historikk".