Print this page
NM 2013

I helga gjekk Manger skulemusikklag heilt til topps i 1.div Brass.

Manger skulemusikklag vann NM med "Music for a Festival" (Phillip Sparke) med 95 poeng. Årets NM gjekk av stabelen i nye Stavanger konserthus.

Korpset har jobba hardt og målretta mot dette mesterskapet. Me mista ni 19-åringar i fjor, og desse vart erstatta av ni 11-12 åringar. Ingen hadde trudd at me i år igjen skulle klara å vinne 1.divisjon med ein så ung besetning.

Dei aller ferskaste NM-vinnarane er: Ariel, Gabriel, Simon M, Simon N, Marco, Åshild, Caroline, Lena og Ingrid.

Me har tre jenter som går av for alderen: Simone, Ingrid og Benedicte. Me takkar dei for alle åra dei har vore med korpset.

Ein stor takk til vår dirigent Thorgeir Thunestvedt, som gjer ein kjempejobb med korpset.