Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   HISTORIKK
    - Reisebrev nr 1
    - Reisebrev nr 2
    - Reisebrev nr 3
    - Program i Kina
    - Div. Lister til turen
    - EKSAMEN I KINA
    - BILDER FRA KINATUREN
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 448 552

 

 



KINA-TUREN
 

Ondsdag 26/5-2010 reiste Manger Skulemusikklag med følgje til Shanghai for å spele på Expo-2010.

Me er så heldige at me er valgt ut av NMF til å representera Norge og norsk korpsmusikk på verdsutstillinga Expo-2010 i Shanghai i Kina. Me skal spele på Norges dag 28.mai og Barnas dag 1.juni, i tillegg til fleire speleoppdrag både i byen ellers og på utsillinga.

Med kun 3 månadar til planlegging vert det ein travel vår, men me har allereie kome langt i arbeidet. 35 musikantar, dirigent og eit følgje på 33 foreldre og søsken gler seg stort til denne turen.

Me skjønte fort at det er mykje som må på plass før me kan pakka kofferten og reisa til Kina. Heldigvis får me god hjelp hjå Innovasjon Norge til alt som må ordnast der borte. Programmet me skal spele må godkjennast i Kina. Passene våre er inne til godkjenning hjå kulturdepartementet og propagandaavdelinga der borte, og dette må vera i orden før me kan søka om visum. I tillegg har me inne søknad om akkreditering for alle til Expo-messa. Eit skjema for kvar i tillegg til bilde er sendt avgårde (Takk til Vidar og Sveinung for fotografering og redigering:). Etter påske vert det vaksinering av alle, og fleire musikantar på ungdomsskulen og vidaregåande må nok gjennomføra eksamen sin på det Norske konsulatet i Shanghai.

Den største utfordinga vår er likevel å klara og skaffa sponsorar til denne turen. Det vert jobba aktivt med dette, men fristen til me må betala denne reisa er kort, og det er ikkje alltid like lett å treffe på rette personar på første forsøk. Men me gjer ikkje opp, og trur at dette ordnar seg til slutt.

Me vil og takka Destinasjon Europa for ekstra god hjelp heile vegen, det er mykje som skal ordnast når så mange skal reisa så langt.

Hittil har me fått postitive svar frå Innovasjon Norge, Radøy Kommune og NMF for støtte til turen. Me håpar at det etterkvart vert fleire navn på denne lista, slik at me klarar å få dekka inn litt meir av dei store kostnadene me har tatt på oss.

07.04: Me har fått klarsignal til å spele "Ja vi elsker" under flaggheisinga på Norges Dag:)
07.05: Me har endeleg mottatt vår siste godkjenning frå Kina, og passene våre er levert ambassaden for å få visum.

   


Read file
 PROGRAM SHANGHAI




Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 95937449, org.nr 971535032