Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   HISTORIKK
    - Reisebrev nr 1
    - Reisebrev nr 2
    - Reisebrev nr 3
    - Program i Kina
    - Div. Lister til turen
    - EKSAMEN I KINA
    - BILDER FRA KINATUREN
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 507 165

 

 

 





Reisebrev nr 1
 
 
 
 

Reisebrev frå Shanghai
Medan dei fleste pusla rundt heime og fann fram pass og pakka kofferten, var Anette i gong med eksamen på det norske konsulatet i Shanghai. Resten av oss reiste frå Manger med Skyss, som for ein gongs skuld var i rute…
Vi kom oss på flyet til Amsterdam, vaste rundt på Shiphol nokre timar før vi entra KLM sin jumbo-jet som skulle frakta oss til Shanghai. Om flyet var stort, så var det trongt, veldig trongt for somme. Men servering fekk vi rikeleg av, mat og drikke i ymse variantar, til dei raraste tider. Natta kom fort på, og forsvann nesten like fort. Nokre sov litt, andre sov litt meir, men alle kom fram til Puhdong International Airport. Dvs alle kom fram, men ikkje alt. 2 bassar og ein trombone hadde forsvunne på vegen – dei hadde visst vorte sendt til Hong Kong. Men vi fekk med oss resten, og kom oss til hotellet, Holiday Inn Express. Trøtte tørna vi til sengs, og måtte opp att grytidleg neste morgon.
Utruleg nok hadde dei manglande instrumenta dukka opp i løpet av natta. Dei hadde visst ikkje vore i Hong Kong likevel.

FREDAG 28/5
Denne dagen skulle vi spela for Kronprinsen, og vi måtte koma oss inn på Expo-området før kl sju. Sikkerhetssjekken var omtrent på same nivå som på Flesland, berre at det var mykje meir folk. Lenge før vi reiste hadde Vibecke fylt ut uhorveleg mengder skjema som skulle gi oss akkreditering på Expo. Og no fekk vi att for arbeidet, fordi med Expo-pass vart vi geleida utanom dei fleste køar, og kom oss gjennom i full fart.

Vi kom omsider fram til den norske paviljongen, og gjorde oss klare. I lett regn spelte vi Gammel Jegermarsj for kronprinsen. Så bar det vidare til den offisielle opninga, med mange prominente gjestar. Vi måtte øva nokre gonger saman med kinesiske soldatar som skulle heisa flagget – det var ikkje heilt lett å få flagget til topps samstundes med siste tone i ”Ja, vi elsker”. Men på den offisielle flaggheisinga gjekk det bra. Rune tima siste tonen perfekt saman med flagget – og dette vart eit høgdepunkt tidleg i turen.

Resten av dagen gjekk vi rundt på det enorme Expo-området. Her var paviljongar frå ca 180 land, med utruleg mange ulike utformingar og innhald. Og så mykje folk som det var overalt! Vi veit ikkje kor mange som var inne, men det var visst 350.000 menneske på det meste denne dagen. Og alle desse hadde vore gjennom sikkerhetskontrollen… Vi fekk på nytt erfara at Expo-passet var godt å ha, fordi vi vart handsama som VIP-personar, og gjekk utanom køar på dei fleste paviljongane.

Om kvelden var vi på norsk kulturkveld i Expo-senteret. Dette var ein kjempestor hall, tydeleg tilpassa store kongressar, men som konsertlokale var det kanskje ikke heilt perfekt. Kronprinsen var heidersgjest på konserten. Her fekk vi høyra norsk og japansk musikk framført av Trondheim symfoniorkester, Trondheimssolistene og fiolinist Eldbjørg Hemsing. Etter ein nødvendig pause, fekk vi sjå og høyra mellom anna Sissel Kyrkjebø og oppleva ei flott framføring av Frikar i samarbeid med kinesiske akrobatar. Secret Garden avslutta heile gildet med velkjende ”You raise me up”. Så var det å ta seg attende til hotellet, musikantane i buss, medan resten måtte ta Taxi. Det er mange taxiar i Shangahi, så det var ikkje noko problem. Verre var det med trafikken… Men alle kom heilskinna tilbake, og tørna ganske så stuptrøtte i seng.

LAURDAG 29/5
Laurdag var det på nytt til Expo-området. Varmare og tørt denne dagen, men heldigvis delvis skya. Vi starta med konsert på Europe Square. Her samla det seg mykje folk, og vi gjorde eit publikumsvenleg program, som vart vel motteke. Det var kanskje nokre blant publikum som var like opptekne av langt, blondt hår som dei var av musikken. Deretter gjorde vi ein parade gjennom ei av hovudgatene i Expo-området. Dette var ei heftig oppleving, med tettpakka folkemassar på begge sider ned gata. Det vart reine 17. mai stemninga, men med noko uvante omgivelsar. Det vart ein lengre tur enn vi hadde tenkt, men musikantane leverte marsjar i fleng. Og større publikum enn dette har vi aldri hatt!

SØNDAG 30/5
Denne dagen har me brukt til shopping, endeleg fekk lommepengane bein å gå. Litt uvant med pruting, men etter kvart fekk me til det og, og mange kan sei seg godt fornøgd med dagens handel. Kanskje nokon av oss var litt lettlurte, men dyrt vart det ikkje likevel. Nokon hadde og tålmodigheit til å stå i kø for å ta turen opp i fjernsynstårnet, og hadde god utsikt frå kuppelen der. Kvelden vart avslutta med middag ute, dagens meny bestod som ellers av kinesiske rettar! I morgon er det klart for besøk på ein kinesisk skule, dette er noko som kan bli spennande for alle. Me i Kina må seia god natt, sjølv om det er lenge til leggetid heime i Norge.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 93041112, org.nr 971535032