Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   HISTORIKK
    - Reisebrev nr 1
    - Reisebrev nr 2
    - Reisebrev nr 3
    - Program i Kina
    - Div. Lister til turen
    - EKSAMEN I KINA
    - BILDER FRA KINATUREN
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 507 170

 

 

 



Kinesisk underhaldning


Reisebrev nr 2
 
 

Vi har nytt to gode og varierte dagar. Humøret er framleis på topp, sjølv om nokre er lei ris no...

Søndag 30. mai var ein fridag, der alle var ute i byen på ein eller annan måte. Nokre ville i den store handlegata (6 kilometer med butikkar...), andre ville i gamlebyen og nokre ville opp i det store TV-tårnet Oriental Perl. Dei som reiste til TV-tårnet, fekk oppleva køkulturen i Kina. Vi fekk beskjed om at det var ca 2 timar kø. Nokre snudde i porten, og gjekk heller på shopping. Men dei tålmodige fekk ei stor oppleving. I køen møtte vi mellom anna ein kinesisk familie som såg T-skjortene våre. Dei drog fram kamera - og viste oss bilete frå paraden dagen før, der MSML marsjerte!!
Då vi omsider kom til heisen, etter 1,5 timar i kø, fór vi 240 meter til værs, og fekk ein storslått utsikt over den enorme byen. Det var ingen ende på høghus i alle retningar... Det var også ein eigen utsiktsplattform, der vi kunne gå på glasplater heile vegen rundt. Nokre stoppa i døra, medan andre våga seg ut på glasplatene - og fekk ei sterk oppleving - 240 meter rett ned...!

Shopparane kunne gle seg over heftige budrundar, og gjorde tilsynelatande gode kjøp. Andre tusla rundt i gamlebyen, og fekk sjå gamle kinahus med vippetak, pågåande seljarar og rekkjer med butikkar med meir eller mindre "junk". Men atmosfæren var flott.

Om kvelden var vi på kinesisk restaurant(!), og fekk ein flott måltid, med mykje variert mat. Alle fann noko dei likte, nokre likte alt.

Måndag var vi på ein skule, der vi skulle driva litt kulturutveksling. Vi visste vel lite kva vi gjekk til, men kom oss omsider avgarde i to bussar. Vi trudde vi skulle ut av byen, men slik var det ikkje. Etter knapt ein halvtime i bygatene, stoppa vi inne i noko som såg ut som eit bustadområde. Vi pakka oss ut av bussane, og gjekk mot noko som viste seg å vera ein ganske så stor og flott skule etter kinesisk målestokk.
Vi fekk oppleva kinesiske skuleborn som underheld oss i eit fargerikt og spennande program som var laga til barnas dag, som er 1. juni. Her var alt frå konsert med folkeinstrument - som nok var vanskelege å spela på - til maling og dans. Det aller meste var på kinesisk, så det var ikkje like lett å følgja med på alt, men spennande var det uansett.
Skulemusikken gav ein liten konsert med to nummer, men fekk også gleda av å avslutta heile greia med å marsjera ute på idrettsplassen - til stor jubel frå heile skulen!
Så bar det attende til hotellet, og etter kvart nok ein kinesisk middag med mange rettar.
 




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 93041112, org.nr 971535032