Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   HISTORIKK
    - Reisebrev nr 1
    - Reisebrev nr 2
    - Reisebrev nr 3
    - Program i Kina
    - Div. Lister til turen
    - EKSAMEN I KINA
    - BILDER FRA KINATUREN
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 489 286

 

 

 



Alle som var med på turen utanfor den norske paviljongen


Reisebrev nr 3
Bilete frå Shanghai si
 
Bilete frå Shanghai si "skyline" - frå "The Bund".
 
 
 

Då nærmar vi oss slutten på turen vår. Den siste heile dagen var vi igjen på Expo-området, i samband med barnas dag i Kina, som er 1. juni.

Vi måtte tidleg opp, frukost på hotellet kl 06:30. Ingen kan seia at vi har lata oss.
Det vart noko klabb og babb med buss og sjåfør og politiet, men vi kom oss omsider avgarde til Expo. Vi var først innom den norske paviljongen og henta noko utstyr, før vi flytta oss til eit område vi ikkje hadde vore på før, på den andre sida av Huangpu-elva, som går gjennom Shanghai. Der fann vi ein fin scene, men diverre med mykje teppe i taket, som ikkje lova altfor godt for lyden. Men vi rigga oss til, og held to konsertar for eit entusiastisk publikum. Det var varmt på scenen, og dirigent Rune held varmen i mørk dress. Han kjøpte seg ny dress etterpå, skreddarsydd, levert på hotellet siste natta - håpar han!

Vi avslutta Expo-spelelingane våre som vi starta, ved den norske paviljongen. Her samla det seg mykje folk, og stemninga var god. Siste nummer i Shanghai 2010 vart "Gammel jegermarsj", til stor åtgaum frå eit talrikt publikum. Stor takk til Kalle og Solveig frå den norske Expo-paviljongen, som har vore med oss heile turen.

Ettermiddagen var fri, og folk gjorde det som passa dei best. Nokre på perlemarkedet eller "The Bund", andre på "Fake Market" og atter andre i gamlebyen.

Onsdag reiser vi heim att i to puljer, så då vert det ikkje tid til å skriva reisebrev. Dette er altså siste reisebrevet frå Kina 2010.




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 93041112, org.nr 971535032