Print this page


EKSAMEN I KINA

Me har 5 musikantar som skal avvikle eksamen under opphaldet vårt i Kina. Dei som vart trekt ut må avvikle denne på Generalkonsulatet i Shanghai.
 



Avsluttande eksamen stoppar ikkje denne russen frå å reise til Kina med korpset sitt. Det vert travle veker framover, men russefeiring, eksamen, Kina-tur og NM-deltaking. Innimellom alt dette vert det nok plass til eit par øvingar og.

Etter at trekninga vart kunngjort på onsdag, viser det seg at alle som er russ i korpset må ta avsluttande eksamen i Kina, i eit eller to fag (Matematikk, politikk og norsk sidemål). I tillegg kom det ein i 2.klasse på vidaregåande opp i matematikk. Dei som avsluttar ungdomsskulen i år kom ikkje opp i fag som kolliderer med turen.

Me ønskjer alle lykke til med eksamen, dette vert absolutt eit minne og ta med seg vidare: Eksamen i norsk sidemål i Shanghai!