Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   OM KORPSET
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 439 709

 

 


HISTORIE

Korpset vart stifta 13. oktober 1965.
Det første 10-året var Manger Skulemusikklag eit janitsjarkorps, men midt på 70-talet gjekk ein over til rein brass band besetning. Dette har ein halde på sidan. Frå å vera eit "vanleg" skulekorps ein berre såg og høyrde på 17.mai og julekonsertar, gjekk Manger Skulemusikklag på 70- talet gjennom ei rivande utvikling. Store krefter vart lagt ned på instruksjonssida. Instruktørane vart henta frå Manger Musikklag. Resultata av denne innsatsen lot ikkje venta på seg. Frå å vera eit "gjennomsnittskorps" utvikla Manger Skulemusikklag seg til å verta eit av dei leiande skulekorpsa i landet. Deltaking i mange konkurransar var sjølvsagt med på å heva det musikalske nivået.
I 1980 tok korpset sin første NM-tittel i 2. divisjon brass. Seinare har det blitt mange sigrar, også i den gjevaste divisjonen. Frå 1989-1995 innkasserte dei 6 sigrar i første divisjon. Ei bragd som i seg sjølv er historisk. Det heile vart krona med EM-siger i Skottland i 1990.

Som dei fleste andre skulekorps har også Manger Skulemusikklag vore gjennom ein bølgjedal. Etter fleire år med dårleg rekruttering var korpset i 1997 heilt nede i berre 16 medlemar.På nytt vart store krefter sette inn på opplæringssida og korpset har dei siste åra heva seg frå 3. divisjon til 1. divisjon. Gode dirigentar og eit tett samarbeid med Manger Musikklag, Manger Folkehøgskule og Musikkskulen har vore naudsynt for å greia dette. I 2004, 2005, 2006, 2007, 2008 og 2010 vart korpset Noregsmeistrar i første divisjon.

Manger Skulemusikklag er ikkje berre eit skulekorps, men ein svært viktig organisasjon for Mangerbygda. Foreldregruppa i skulemusikken er i dag innvolverte i dei fleste større arrangement på Manger. Me kan nemna 17. mai, julegateopning, senterdagar, dansegalla, konsertar i Radøyhallen m. meir. Ofte høyrer me utsegner som "kva skulle me gjort utan skulemusikken".

At bygdefolket set pris på det me gjer, merkar me også når me går rundt med dei årlege loddbøkene våre. Det er ikkje ofte ein høyrer "nei Takk" når ein skulemusikant står på trappa.

Korpset tel idag 38 musikantar.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 95937449, org.nr 971535032