Manger Skulemusikklag
 • OM KORPSET    • TERMINPLAN    • FORELDREINFORMASJON    • HISTORIKK    • KONTAKT    • MANGERFESTIVALEN    • LENKER     • Gjestebok  

 

 

   MANGERFESTIVALEN
           

Snarveier:
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 513 995

 

 


ASPIRANTSEMINARET


 

ASPIRANTSEMINAR

 

Seminaret vert gjennomført i samarbeid med Manger Folkehøgskule. I år er det ca. 100 aspirantar påmeldt.

 

Frammøte på Manger Folkehøgskule kl 09:30.

(Storsalen, raud bygning)

 

Undervisninga varer fram til ca kl 13:45.

Aspirantane får eit gratis frukostbrød, frukt og saft under aspirant-samlinga.

 

Viktig: Under aspirantseminaret vil det vera mange barn samla.

Aspirantgruppa vert delt inn etter 1. og 2. års aspirantar.

Det er difor eit krav at kvart korps må stilla 2 vaksne som har ansvar for sine eigne aspirantar( korps med mange aspirantar må sjølvsagt ha med seg fleire vaksne) som følgjer med borna under heile samlinga. Manger skulemusikklag er teknisk arrangør for aspirantseminaret, og Manger Folkehøgskule har det musikalske ansvaret, og gjennomføringa av undervisninga.

Aspirantane skal møta til festkonserten kl 17.15 i Radøyhallen (merk tida).  Det vert gratis (og frivillig) filmframsyning for aspirantar og leiarar i kinosalen på Manger - på Rådhuset ca. kl.14:00.

Etter filmen skal aspirantane møta korpset sitt på Radøy ungdomsskule og gjere seg klar til festkonsert. Her er det også mulighet for å kjøpe mat i kafeteriaen.

 

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Manger Skulemusikklag, Postboks 50, 5931 Manger, k.nr: 3636.07.01845, Tlf: 93041112, org.nr 971535032